Øyvind Rimbereid ga i 2004 ut diktsamlinga “Solaris korrigert”. I titteldiktet møter vi eg-personen «aig» som lever i år 2480 i byen Siddy Stavgersand. «Aig» er ein arbeidar som reflekterer over sin eigen lagnad, sine omgjevnader, og som ønskjer godt for seg og sine. Han driv vedlikehald på høgteknologiske anlegg under havoverflata, og snakkar eit hybridspråk som let til å vera ei blanding av stavangerdialekt, skotsk, engelsk, nederlandsk, dansk og gamalnorsk. «Aig» si tid er science-fiction for oss, vi er forbi oljetida slik vi kjenner henne, og den teknologiske utviklinga har halde fram i galopperande tempo.
SKA aig meg scanna total
ven aig an Seifa botten kommen?
SKA aig af min minsta cell og gen
lat ein modell skapa?
SNART ogso possibl perfect modell
skapa af LPT i oren breyn. ALLSO: modell
af oren individuell nevron-
systm og electric pattern.
“Solaris korrigert” har blitt kåra til eit av dei 25 beste skjønnlitterære verka gjennom tidene, og Rimbereid mottok Kritikerprisen for diktsamlinga. Diktet har blitt oppført som teater og opera, og i krysning som musikk og diktopplesing av Rimbereid sjølv saman med elektronika-duoen Xploding Plastix. Rimbereid har seinare gitt ut diktverk som “Herbarium” (2008), “Jimmen” (2011), “Orgelsjøen” (2013), “Lovene” (2015) og “Lenis plassar” (2017).
Møt Øyvind Rimbereid i samtale om “Solaris korrigert” med kritikar og forfattar Ida Lødemel Tvedt.