Forfattarane Cathrine Knudsen, Eivind Hofstad Evjemo, Eirik Ingebrigtsen og Soudabeh Alishahi møtest til ein samtale om omsorg: om fellesskap som fungerer, om omsorg for sine egne, institusjoner, omsorgsbyrde, nestekjærleik, sosialdemokrati, og om emosjonelle robotar. Ordstyrar er Hilde Danielsen.
I bøkene sine skriv Eivind H. Evjemo om omsorg og om fellesskapet. Korleis vi lever i lag, som samfunn, som familiar, som naoboar, vener og kollegaer, lunt og trygt i den norske sosialdemokratiske favna. Han vaks opp med ei funksjonshemma søster, og er opptatt av omsorg på eit meir strukturelt plan.
I fleire av Eirik Ingebrigtsen sine bøker møter vi familiemedlemer som tek ansvar for sine eigne sjuke. Dette er vel ikkje den vanlege måten å gjere det i Noreg?
Soudabeh Alishahi (Iran) gav ut romanen Smil i 2015. Smil handlar om Partow, som bur utanfor Teheran med mannen Jones og svigerfaren Haji Barat. Partow er assistent i ein frisørsalong, Jones er gal og svigerfaren ein sterkt pleietrengande krigsinvalid. For at kvardagen skal gå rundt, har familien tilsett afghanaren Soleiman, som på ulikt vis skal bidra til at både far og son får den hjelpa dei treng.
Forfattar Cathrine Knudsen har arbeidd deltid innan helsesektoren. Omsorg og relasjonar mellom familien er tema ho stadig utforsker i bøkene sine. Ho skreiv nyleg eit essay i Morgenbladet om omsorgsrobotar.
Dei fire forfattarane møtes til ein samtale om moralske og eksistensielle sider ved omsorg.
LAURDAG KL. 14.30 – 16.00 /