Begge arbeider med barnebøker, og synast sjølv dei er ganske forskjellige i uttrykk og narrativ. Felles for arbeida er ein fascinasjon for landskap: å ta utgangspunkt i eksisterende element frå naturen og setje dei saman på nye måtar, og slik skapa eigne univers. Desse universa er med på å skapa ein inngang til historiefortelling, og gjev historiane eit eige, fristilt rom å leva i.
I si fellesutstilling under Litteratursymposiet viser Åshild og Mari bilete som utforskar personlege univers, som rommer landskap og figurar som høyrer heime i landskapet. Nokre av landskapa finn du og i bøkene deira.
Begge søstrene har laga bøker som er gitt ut i fleire land, og dei reflekterer over kva det er med måten dei teikner på som er norsk/unorsk.