Amalie Kasin Lerstand og Ida Lødemel Tvedt
Medan dei store byane blir stadig meir overfylte og overrepresenterte i mediebildet, lever provinsen stadig i litteraturen. Brooklyn-busette Ida Lødemel Tvedt skriv i langessayet Marianegropen om korleis ho reiser til slektsstaden Hovdebygda for å skrive og tenke. Kan det stemme at Hovdebygda er meir verdensopplyst enn New York? Kan ein metropol vere intellektuelt provinsiell? Amalie Kasin Lerstangs diktsamling Vårs krinsar om industristaden Notodden, og om lengselen tilbake til eit særeige samfunn som no er i ferd med å forsvinne. Kva for litterære mogelegheiter og inspirasjon finst i det tilsynelatande trauste småsamfunnet? Kva tilbyr provinsen oss, som storbyen ikkje kan?