Frode Gryttens Rom ved havet, rom i byen er eit resultat av møte med Edward Hoppers måleri. Sårbar intimitet, fastfrosne relasjonar, fortviling, galskap og refleksjon over kjærleiken møter oss i novellene ”Ei kvinne i sola”, ”Hus i skumringen” og ”Ekskursjon inn i filosofien”. Måleri har blitt til novelle og novelle har blitt til teater i Plastic fantastic sitt scenespråk. Litteratursymposiet har invitert teatergruppa til Odda for å iscenesette Frode Gryttens tekstar i nokre av Odda sine rom.
Plastic Fantastic sitt uttrykk blir til i skodespelaren sitt møte med tekstens univers. Dei prøver ikkje å skape ein forventa rasjonalitet og logikk, men lar heile oss bli påverka. Resultatet blir eit spel der realisme og absurdisme går hand i hand.
TORSDAG kl. 16:00 Sentralbadet litteraturhus - Ekskursjon inn i filosofien
FREDAG kl. 18:00 Nitrogenanlegget - Ei kvinne i sola
LAURDAG kl. 17:00 Smelt kafe - Hus i skumringen