Ei grasrotrørsle for ny etterforsking har gjennom mange år drive saka vidare, og i 2014 sette norsk politi i gang ny etterforsking. Dei konkluderte i 2016 med at dei ikkje fann bevis på forsikringssvindel eller at det skulle vere meir enn ein gjerningsmann. Kritikarane meiner politiet har oversett sentrale fakta, unnlate å forhøyre mistenkte og late vere å gå aktørane sine forklaringar etter i saumane.
Kjell Ola Dahl er ein del av denne grasrotrørsla. Han har følgt saka tett sidan 2010 og har skrive to bøker om saka. I årets bok, Scandinavian Star. Katastrofen og skandelene, gjev han eit oversiktsbilete over hendingane i løpet av brannen, følgjer moglege gjerningsmenn om bord og pengestraumane rundt skipet, og han viser kvifor han meiner politiets konklusjon ikkje kan bli ståande som siste ord i saka.
Dahl held foredrag om korleis kapitalen klarte å manøvrere unna offentleg søkelys og rettsforfølging i 1990 – og korleis kapitalinteresser har klart å halde regi på utviklinga i saka i åra sidan, og han dreg fram skitne sider ved samarbeid mellom politi og presse, og unnfallande og feige politikarar.