Opplesing ved studentar og lærarar.
For over tretti år sidan vart Skrivekunstakademiet i Hordaland skipa av Rolf Sagen. Skrivekunstakademiet driv undervisning innan skjønnlitterær skriving og har det mest etterspurde utdanningstilbodet i landet på feltet. Mange av landets leiande litterære stemmer har gått på Skrivekunstakademiet. Kom og høyr morgondagens forfattarar lese frå sine tekstar saman med nokre frå staben: Morten Langeland, Eira Søyseth og Sivert N Nesbø.