Bli med på ei unik vandring med to kjemper frå Odda: Fabrikkdiktar og Oddas heimkomne son, sosiolog og tidligare smelteverksarbeidar, Lars Ove Seljestad og den legendariske fagforeiningsleiaren og Raudt-politikaren Terje Kollbotn. Musikalsk tonefølgje: Aksel Ø. Røed (saksofon).
«Mine kjensler er i Fabrikken støypt. Av stein og eld er mine kjensler smidd», skriv Seljestad i det episke langdiktet Storspring: Fabrikkdikt.