Sidan debutboka Falketårnet i 1985 har Erik Fosnes Hansen gitt ut bøker som er blitt utgitt på utallige språk. Særlig hans andre roman, Salme ved reisens slutt (1990) blei ein enorm internasjonal suksess.
I dette innlegget spør han om norsk litteratur ofte blir for norsk? Skriv norske forfattarar først og fremst om det norske, om oss sjølv og steinrøysa nedi bakken? Manglar det europeiske eller globale perspektivet for at litteraturen skal kunne ha tilstrekkelig internasjonal relevans? Og ikkje minst: Er det samsvar mellom dei som har definisjonsmakt heime og ute?
Agnes Ravatn og Frode Grytten vil imøtegå Erik Fosnes Hansen i den påfølgjande diskusjonen. Sindre Hovdenakk er ordstyrar.