Tekstallianse er ein regional litteraturorganisasjon som har som mål å leggje til rette for profesjonell verksemd innan litteratur, tidsskrift og kritikk på Vestlandet. Ein tysdag i månaden vert medlemene i Tekstallianse inviterte til ein uformell, digital felleslunsj: Ein Tekstlunsj. Vi startar med ein kort innleiing ved ein invitert gjest om eit relevant eller aktuelt tema, og opnar for samtale etterpå.
Under Litteratursymposiet i Odda lagar vi for første gang live Tekstlunsj, ombord på Litteraturbåten Epos. Vi har invitert forfattar, biletkunstnar, lærar og gardbrukar Leander Djønne til å fortelje om si tverrfaglege, kunstnariske verksemd i Hardanger.
Alle interesserte er hjarteleg velkomne til å delta!