Sjølve dokumentasjonsarbeidet har vore utførd av Skeivt arkiv og andre, og Serck-Hanssen, Hatterud og Ugelstad Elnæs har sloppe seg laus for å få fram mangfaldet dei skeive liva representerer, med alle fargane og formane, motsetninga og moroa, party og politikk.
I eit samfunn kor seksualitet og begjær framleis blir manipulert og freista gjort straumlineforma av ein normativ status med den borgerlige kjernefamilien som primærmodell, vert skeive liv framleis marginalisert og stigmatisert. Skeive sin kamp for rettar og toleranse som fundament for demokrati og sosial mobilitet, er ikkje over. Angrepa i Oslo i juni var ein augeopnar for mange om det.
Prosjektet er produsert av Fotogalleriet, og vil ta form som ei rekkje utstillingar, eit offentleg program og ei bokutgjeving i 2022. Det er eit bidrag til markeringa av Skeivt Kulturår.
Utstillinga vert i vist i nyoppussa sal i 2. etasje på Sentralbadet.
ONSDAG KL. 15.00 - 19.00
TORSDAG KL. 12.00 - 18.00
FREDAG KL. 12.00 - 18.00
LAURDAG KL. 12.00 - 18.00
SØNDAG KL. 11.00 - 14.00