Ein samtale rundt litterære strømninger før og no.
To av landets mest markante kritikarar og litteraturvitarar, Ane Farsethås og Eirik Vassenden, kjem med kvar sine sakprosabøker som til saman famnar om store deler av norsk litteratur. Ane Farsethås har skrive boka Herfra til virkeligheten, om norsk samtidslitteratur med særlig fokus på dei siste åras diskusjonar kring tilhøvet mellom litteratur og virkelighet. Eirik Vassenden har skrive om perioden 1890-1940 i boka Norsk vitalisme der han nyanserer diskusjonen kring litteratur og ideologi. Samtalen mellom Vassenden og Farsethås vil innehalde diskusjonar, nærlesingar og nylesingar av så vel mellomkrigstida som vår samtid.
Audun Lindholm, redaktør i Vagant, er ordstyrar.