Øyvind Berg (fødd 1959) er ein norsk lyrikar, omsetjar og skodespelar.
Han har studert filosofi, litteratur og egyptologi.
Han debuterte med diktsamlinga «Retninger» i 1982. Hans forfattarskap inneheld både essays, drama, femten samlingar lyrikk, og gjendiktingar - av m.a. Berthold Brecht og Shakespeare.
Berg er ein flittig essayist med breitt interessefelt, noko som m.a. kjem til uttrykk i essay om pengar og narkotikapolitikk. Øyvind Berg har evna til å skrive lett og opplysande om kompliserte litterære og samfunnsmessige spørsmål, og han gjer det med vidd, språkleik og ein god porsjon humor.
Øyvind Berg skal halde årets kapital-essay, på opningsforestillinga Litterær kraftstasjon.