9 grader nord for ekvator finn vi byen Jaffna, på øya Sri Lanka, kor halvparten av bandmedlemma kjem frå. Med instrumenter som blant anna bambusfløyte og cajon, vil dei ta publikum med på ei musikalsk reise nærmare instinkta. Bandmedlemma opptrådte saman for fyrste gong på Festspillene si mest fargerike scene, RIFF, våren 2015, men starta ikkje som band før i 2016. Sidan då, har dei hatt fleire høgdepunkt på klubbscenene i Bergen, med blant
anna oppvarming for Electric Eye på Hulen, NattJazz’ førfest, JazzNatt, på Landmark under Vill Vill Vest, på BIKS under Bergen Internasjonale Musikkfestival, og Vibbefest på Østre saman med Fieh, i regi av Vibbefanger. Dei har også nådd ut til eit publikum utanfor heimbyen Bergen, med konsertar i Oslo, på Høstlarm, Stavanger og Stockholm.
Det heile starta med søstrene Mira og Dipha Thiruchelvam sin fløyteduo. Dei fekk forsterkningar med perkusjonist Jakob Sisselson Hamre og bassist Jakob Sønnesyn. Saman speler kvartetten ei musikalsk blanding av ulike sjangrar, som baila, flamenco, karnatisk og jazz. Sjølv skildrar bandet musikken med adjektiva energisk, mystisk og rytmisk, og klassifiserer musikken som etnisk progressiv. Visjonen er å utfordre lyttarane sitt musikalske kosthald ved å servera desse framande tonane.