Alexander Grieg (f. 1971) er ein norsk jazzmusikar som er fødd og oppvaksen i Bergen. Han har bakgrunn frå Griegakademiet, i
tillegg til musikkstudier i New York og Royal Academy of Music i London.
Han har studert med store kontrabassistar som Anders Jormin, Lars Danielson, Gøran Sjølin, Larry Grenadier og Rufus Reid.
I perioden 1987 - d.d. har han hatt fleire oppdrag som kontrabassist (primært innan ulike jazzsjangrar, men óg innan rock, pop,
country latin, electronica mm.), ved private og offentlege arrangement, jazzklubbar, studioarbeid og festivalar over heile Noreg. Har
jobba med mange dyktige og kjente musikarar og har eit rikt nettverk som strekk seg utanfor Noregs grenser. Han har bidratt på
fleire plateinnspelingar, i tillegg til eigne prosjekt med banda Bearfarm, Bank of No Land og Spaceriders.
Utover rolla si som kontrabassist, er Alexander også ein aktiv produsent og driv lydstudioet Villa Grieg i Bergen.