André Søfteland er frå Odda i Hardanger.
Han gjekk på dramalinja ved Fyllingsdalen videregående skole i Bergen. Etter ti år i byen gjekk ferda til Bårdar i Oslo og vidare til England kor han tok ein master i musikal og teater. Han budde fleire år i New York der han fekk store roller i «Les Misérables» og «Sound of Music».
I Noreg har han m.a. spelt Tevje i «Spellemann på taket» ved Den Nationale Scene i Bergen og Trøndelag Teater. I “Scenekvelder” si storsatsing “Les Misérables” på Folketeatret i Oslo spelte Søfteland hovudrolla som Jean Valjean.