Asbjørn Lauvstad vart i 1980-åra kjend som lektoren frå Odda som tjente millionar av kroner på aksjespekulasjon, og som vart arbeidslaus og raka fant. Leiligheten i Oslo og slektsgarden gjekk fløyten og Asbjørn satt tilbake med milliongjeld. Dette var godt stoff for massemedia og Lauvstad vart intervjua i ei lang rekkje publikasjonar frå Klassekampen på venstresida til Farmand på høgresida. Han har deltatt i talk shows og diverse radioprogram og fortald om dette avsnittet av livet sitt.
I Frode Grytten sin roman "Saganatt" flytter karakteren Arvid Lunde til Odda ein gong tidlig på 1980-talet for å byrje som lærar på gymnaset. Etter hvert blir det kjent at Arvid Lunde har blitt millionær på aksjehandel.
Ein tidligare kollega råda Lauvstad til å skrive si eige historie etter at Grytten hadde basert en mindre del av sin roman på livet hans, og det gjorde han. Resultatet ble ei bok på litt under 400 sider, ein hybrid av sjølvbiografi, meningsytringar og dikt.