Berit Opheim (fødd 1967) er ein folkemusikar frå Voss. Ho har studert ved Bergen Musikkonservatorium og Norges Musikkhøgskole og er 1.amanuensis.
Opheim er nominert til Nordisk Råds Musikkpris 2023 og vart tildelt Statens Kunstnerstipend for 10 år frå 2023.
Folkesongen er hovudsjangeren i hennar virke, og ho arbeider mykje for å formidla den lokale folkesongtradisjonen både ved å henta fram og synga eldre arkivmateriale, undervisa og konsertera. Ho arbeider med eit stort verk som skal samla alle folketonar frå Vossabygdene i ei bok/cd-utgåve: Vossasongar.
Opheim er aktiv innan folkemusikk/ samtidsmusikk/ tidleg barokkmusikk/ middelaldermusikk/improvisasjon. Stor aktivitet som soloutøvar og har urframført mange nyskrivne verk i ulike stilretningar m.a av Lasse Thoresen og Henrik Ødegaard, Karl Seglem og fleire. Tidlegare medlem av Trio Mediæval og har samarbeida med m.a. Rolf Lislevand, Sigbjørn Apeland, Nils Økland, Det Norske Solistkor og Grete Pedersen, Oslo Kammerkor, Kringkastingsorkesteret, Tore Brunborg, Gabriel Fliflet, Sondre Bratland, Håkon Høgemo, Arve Henriksen.
Ho var Nattens Dronning og Papagena i folkeversjonen av Tryllefløyta 2005/2006, og har vunne Landskappleiken fleire gonger. Har vore medkomponist på fleire verk. Har deltatt på nærere 50 innspelingar, fleire av dei soloinnspelingar. Har blitt tildelt fleire prisar og nominasjonar.