Bjørn Hatterud (fødd 1977) er kulturskribent, kunstkritikar, kurator og musikar. Han kjem frå Brumunddal, men er busett i Oslo.
I 2018 gav han ut boka Mot Normalt, som del av Samlaget sin serie Norsk røyndom. Boka vart skildra som ei forteljing om ikkje å passe inn, om å vekse opp i Brumunddal og vere avvikar og skeiv på alle vis. Dette er ei historie om motgang og liding, men inga sørgjeleg historie. I 2020 kom boka Mjøsa rundt med mor: ei livsreise.
I 2019 vart Hatterud utnemnd til varamedlem i Kulturrådet, og i perioden 2022–2025 er han rådsmedlem i Norsk kulturråd.