Bjørn Tomren (1981) er norges mest aktive jodlar. Han er og strupesangar, visesangar, komiker og komponist, og er kjend under artistnamnet Polkabjørn (og Heine Kleine). Saman med Ole Peus spelar han i visegruppa "Kniven på strupen", og er i tillegg med i elektronikaduo, pønkband, strupesangtri - for å nemne noko. Han syng Elvis betre enn Elvis, og har i tillegg til strålande musikkarriere kryssa Noreg på langs på 4 ulike måtar; til fots, på ski, padlande og roande.