Charlotte Weitze (fødd 1974) er ein dans forfattar og dramatikar.
Ho debuterte med novellesamlinga «Skifting» i 1996 som ho fekk Bogforums Debutantpris for. Charlotte er cand.mag i folkloristikk og fleire av bøkene hennar går føre seg i eit grenseland mellom eit realistisk og eit eventyrleg univers. Romanen Rosarium (2021) vart nominert til DRs romanpris 2022 og Weekendavisens Litteraturpris 2022, og er utgjeven på norsk. Bøkene hennar er omsett til fleire språk.