Daniel Kalder er ein forfattar, journalist og skribent, fødd og oppvaksen i Skottland.
I 1997 bestemte han seg for å flytte til Russland for å sleppe unna eit liv på kontor. Han hadde plan om å vere eit år, men blei verande i ti, og reiste mykje rundt i det tidlegare Sovjetunionen.
Kalders utforsking av dei etniske republikkane i det europeiske Russland førte til hans banebrytande arbeid av "anti-turisme", Lost Cosmonaut (2006). I si andre bok, Strange Telescopes (2008) dykka han inn i post-sovjet-Russland og blei ein av de første vestlege skribentar til å intervjue den smått legendariske
Vissarion Christ, ein sovjetisk trafikk-betjent som hamna som Messis på toppen av eit fjell i Sibir.
I 2006 reiste Kalder til det sentralasiatiske diktaturet i Turkmenistan, noko som vekka ein fascinasjon for tyrannanes skrifter. Etter å ha brukt nesten eit tiår på å lese og forska på poesi, romanar og andre verk av Stalin, Hitler, Mussolini og Mao og andre despotar, publiserte han i år si tredje bok, den kritikarroste The Infernal
Library (2018).
I tillegg har Kalder skrive for The Guardian, Esquire og mange andre publikasjonar rundt om i verden. Han har skrive og presentert for BBC radio. Han flytta til Austin, Texas, for tolv år sidan.