Einar Gelius (fødd 1959) er ein norsk prest og forfattar.
Han vart ordinert prest i 1986 og var sidan 1995 sogneprest i Vålerenga kirke. I tida i Vålerenga var han aktiv i den offentlege debatten, og deltok i fleire debattprogram om moral, politikk og Den norske kirkes rolle i samfunnet. I periodar var han omstridt og hans prestegjerning vakte tidvis harme innad i delar av kyrkja.
I 2010 gav han ut den omstridte boka Sex i Bibelen. Kort tid etter varsla biskop Ole Christian Kvarme oppseiingssak mot Gelius, og ein drøy månad seinere vart det kjend at Gelius hadde fratrådt sin stilling etter press fra biskopen. Hovudårsaka var innhaldet i boka. I 2014 vart han tilsatt som prest i Lom i Hamar bispedøme og i 2019 vart han tilsett som sokneprest i Søre Ål i Lillehammer i Hamar bispedømme, der han framleis er.
Gelius har gjeve ut ei rekkje bøker med ulikt emnetilfang. Han siste, Jesus og Muhammed (2019), tek opp ulikskapane mellom kristen og muslimsk tru. Einar Gelius har vore statssekretær, programvert på radio og driv no med sexologutdanning.