Helen Kaldheim (fødd 1995) er frå Odda, og er landets første manga.
Kaldheim står bak serien Mørkalven, utgjeven av Egmont forlag. Første bok i serien, Alene, kom ut i 2022 og bok nummer to, Trofeet, er nett ute. Kaldheim teikner i manga-tradisjonen: den japanske kunstarten innan teikneseriar som skil seg frå den vestlege både i forteljarteknikk og uttrykk.
I Mørkalven må den siste gjenlevende mørkalven, Caim, leve i eit samfunn med kvite alver. Rasehat, overleving, drap og kjærleik er gjennomgåande tema i det som er blitt ein fyldig historieforteljing.
Med Mørkalven ynskjer Kaldheim å bidra til større utbreiing av manga blant ungdom i Norge. Ho reiser mykje rundt og held manga-kurs på bibliotek, skular og festivalar.