Flink har studert musikk og filosofi, har vore leiligheitsdiktar på P2, skrive musikkritikk i Morgenbladet og Dagsavisen, han tryller og er munnharpeknepper.
Flink debuterte i 2003 med Ole-Kristian Oksrød og har gjeve ut fleire romanar og diktsamlingar sidan det. For romanen Sex, død og ekteskap (2009) vann han Ungdommens kritikerpris i 2010.
Flink skriv helst romanar, noveller og dikt, men produserer og ein viss andel sakprosa i form av artiklar og essays.
Hans alter ego Den Store Flinkini er ein lidenskapeleg tryllekunstnar.