Julia Wiedlocha (fødd 1989) er omsettar og forleggar. Ho er fødd i Polen og har vakse opp i Oslo.
Wiedlocha har ein mastergrad i allmenn litteraturvitenskap frå Universitetet i Oslo og er gründer av og forleggar i Meteor Forlag. Meteor forlag er eit uavhengig forlag som gjev ut fantastisk skjønnlitteratur av høg litterær kvalitet, hovuddsakleg skriven av kvinner.
Julia brenn for litteraturformidling, særleg polsk skjønnlitteratur og fantastisk litteratur/science fiction frå heile verda.
Wiedlocha har omsett ei rekkje polske forfattarar til norsk, blant desse Olga Tokarczuk, Stanisław Lem, Zofia Nałkowska og Andrzej Sapkowski. Ho står bak omsetjinga av Kanelbutikkane og andre forteljingar av Bruno Schulz, som vart gjeven ut i Skald forlag sin Klassikarserie i 2023.