Kjersti Mjør (fødd 1965) kjem frå Kvanndal i Hardanger. Ho er utdanna ved Universitetet i Bergen og starta journalistkarrieren i NRK i 1989. I dag jobbar Mjør som journalist i Bergens Tidende.
Ho har gitt ut boka "52 opplevingar i Hordaland" saman med fotograf Helge, portrettboka "Hjartebank. Historia om Oddny Miljeteig" og er medforfattar på Olaug Bollestad si bok "Snakk sant om livet".
Kjersti sit i programrådet til Litteratursymposiet i Odda.