Lars Saabye Christensen (fødd 1953 i Oslo) er ein norsk forfattar.
Han debuterte i 1976 med Historien om Gly, som han mottok Tarjei Vesaas' debutantpris for.
Saabye Christensen er ein svært produktiv og mangesidig forfattar som har skrive i dei fleste sjangrar. Han er mest kjent som romanforfattar, men har óg skrive som lyrikk, noveller, kriminalromanar, ungdomsbøker, skodespel, filmmanus og rocketekstar, samt turnert med eige band. Han høyrer til blant våre mest populære og lesne samtidsforfattarar.
Sin første roman gav han ut i 1977 under tittelen “Amatøren”. Gjennombrotet kom i 1984 med “Beatles”, som vart ein triologi, og er ein av dei største litterære salgssuksessene i Norge nokon sinne. Forteljinga om dei fire ungdomane Kim, Seb, Ola og Gunnar som vaks opp i Oslos nestbeste vestkant i ei tid full av drøymer og forvirring inneheld ei nerve, latter, gråt og gjenkjenning som knapt nokon annen norsk roman i moderne tid.
Han har hatt internasjonal suksess med “Halvbroren” (2001), og i åra 2017 - 2019 kom trilogien “Byens spor”, der handlinga igjen er lagd til Fagerborg i Oslo like etter krigen. Bøkene fekk strålande kritikk og nådde eit stort lesande publikum.
Lars Saabye Christensen har engasjert seg aktivt for å hjelpa frem nye talent i norsk litteratur. I 2006 utnemnde H.M. Kongen Lars Saabye Christensen til Kommandør av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden for tenestefull innsats for norsk litteratur. Christensen har fått ei lang rekkje litterære prisar.