Maria Berg Reinertsen (fødd 1980 i Trondheim) er ein norsk samfunnsøkonom, journalist og forfattar.
Reinertsen er journalist i Morgenbladet der ho m.a. skriv om økonomiske tema for ikkje - økonomar.
Ho har gjeve ut biografien «Henriette Schønberg Erken. En norgeshistorie sett fra kjøkkenbenken», som kom i 2013. For denne boka fekk Maria Berg Reinertsen Bokhandelens Fagbokpris for forfattarar i 2014. I 2010 gav ho ut den kritikarroste «Ligningen for lykke. Tallene, tankene og tilfeldighetene bak den rådende økonomiske fornuft».
Hausten 2017 gjev ho ut «Reisen til Bretton Woods», om begynnelsen på verden av i går.
Her skriv ho historia om båtturen som la grunnlaget for verdsøkonomien slik vi kjenner den i dag 70 år seinare. I løpet av overfarten til Bretton Woods-konferansen laga dei reisande utkast til korleis Verdsbanken og IMF skulle sjå ut medan Queen Mary gjekk i sikk-sakk for å unngå tyske ubåtar. Kan vi i dag læra noko av menna som samla seg på Atlanterhavet sommaren 1944 for med Keynes ord å nytta ”krigens ro” til å skapa ei betre verd?