Maria Pasenau (fødd 1996) er ein samtidskunstnar som bur og jobbar i Odda.
Ho har ein etter kvart rik kunst- og mediepraksis bak seg. I sin praksis blandar ho uttrykk frå kunst, litteratur og mote, og jobbar med både fotografi, skulptur, performance, dikt og tekstproduksjon. Pasenau er ofte sjølv til stades i verka sine, gjennom fotografimediet, i dagbokformat, som skulptur og gjennom performance. I fotopraksisen jobbar ho med ulike formar for sjølviar. Ho rettar seg refleksivt og ironisk til den eksisterande sjølvi-kulturen, og då særleg til polerte sjølvframstillingar i bilet- og mediekulturen. Sjølv formidlar ho utrykk som er imperfekte, anti-jålete, sjølvutleverande og dels humoristiske. Uttrykk som er tilsynelatande upolerte og usensurerte. Slik løftar den kunstnariske praksisen til Pasenau fram fleirstemmige uttrykk for kva det vil seia å vera kvinne, for mote, seksualitet og sårbarheit.
Instagram har vore sentral i den kunstnariske praksisen til Pasenau. Ho har over 3200 innlegg på sin profil @pasenau. Den sosiale medieplattforma har òg vore ein viktig beveger i Pasenau si karriere. Ho har gjort fleire digitale utstillingar og events, som Bjarne Melgaard si Life Killed My Chihuahua på Galerie Thaddaeus Ropac sin Instagramkonto i 2018 (kuratert av Elise By Olsen og Julia Peyton-Jones) og Instagram-takeover på Nasjonalmuseet sin konto under Tori Wrånes si utstilling Hot Pocket i 2017 (kuratert av Stina Högkvist).
Biografi:
Maria Pasenau har bakgrunn frå Fotofagskolen i Trondheim og Prosjektskolen i Oslo. Ho har gjort soloutstillingar som Pasenau and the Devil (2019, Fotogalleriet, Oslo), My Name is End, Bitter End (2018, K4 Gallery, Oslo), Whit Kind Regrets Pasenau (2018, Makeriet, Malmø), Playtime (2017, YME Universe, Oslo) og Crew Teens (2016, Uncontaminated Oslo Fashion Art Festival, Oslo).
Blant gruppeutstillingar ho har vore del av er Sub (2018, kuratert av Bjørn Hatterud, Akershus Kunstsenter, Lillestrøm), Pinkcube (2018, kuratert av Anja Carr, Tenthaus, Oslo), Troløse bilder (2018, kuratert av Andrea Kroksnes, Nasjonalmuset), Early Works (2017, kuratert av Elise By Olsen, New Galerie, Paris) og The Hoodies (2017, kuratert av Charlie Roberts, Kristiansand Kunsthall). Pasenau har gitt ut tre fotobøker Whit Kind Regrets Pasenau (2018), Pasenau and the Devil (2019) og The Hoplesness of Beeing Alive (2020). Pasenau er kjøpt inn til Nasjonalmuseet si faste samling.