Odin Staveland (fødd 1985) er ein norsk artist, komponist, musikar og plateprodusent.
Arbeidet hans har blitt nominert til Spellemannsprisen ved flere høve. Sidan 2008 har han vore medlem av Vamp på tangenter, trommer og vokal, og har skrive fleire låter for dei. Han er ein av grunnleggarane av Haugesund Popensemble, som gav ut sitt første album i 2006. Han speler trommer i bandet, og bidreg som pianist, korist og tekstforfattar.
Stavelands andre soloalbum Sillajass, er ein oppdikta musikksjanger som spinner vidare på eit bestillingsverk han laga for Sildajazz. Sillajass er ein landsby der Tobias i tårnet dreg på ferie for å transe.