Paal Maage Elstad (f. 1990) er ein poet frå Odda. Han bur i Bergen og studerer litteraturvitskap. Han har tidlegare gått på Skrivekunstakademiet.
Paal debuterte i 2015 med Vigmostad & Bjørkes aller første diktsatsing og vart nominert til Tarjei Vesaas' debutantpris for debuten. Kun en liten del av universet er ei samling intense og nøkterne dikt, kvilande i overgangen mellom empati og flukt. Dikta hans er rike på dobbelttydingar, og paradoksa står i kø: Det er ei rastløyse, men òg eit forsona livssyn som samlar desse dikta.
Sagt om boka:
«Dette er ganske enkelt gull – dypt og heftig og humoristisk og språklig svært fengslende.»
Rune Christiansen, forfattar
Hans andre diktsamling, Lysmøkk, kom ut i 2017. Også den har hausta god kritikk. I haust er han aktuell med diktsamlinga Et uanselig støv.