Per Knutsen (fødd 1951) er oppvaksen på Hamarøy i Nordland, men er no busett i Bergen. Han er forfattar og har til no gitt ut 30 bøker; barnebøker, ungdomsbøker, skodespel, thrillarar og romanar.
Per Knutsen har skrive ei rekkje bøker for born og unge. Han har eit utruleg blikk for dei små
nyansane i livet, og ei stor forståing for korleis det er å vera elleve år og forelska - og i ferd
med å bli ungdom. Fleire av skodespela hans er gitt ut i bokform.
Gamle menns elskov handlar blant anna om to gravferder og eit bryllaup, i ein krets av eldre
homofile menn i Bergen. Hovudpersonen er Jan Radem, pensjonert dosent i litteratur. Vi
møter også ein valdeleg, prostituert utlending, ein gallerieigar, ein operettesjarmør som har
mista songstemma og ein kortvokst kroppsbyggar kalla Hestebiffen, som hevder at han kan
samtala med dei daude.
Fleire av hans ungdomssromanar har blitt nominert til prisar som Brageprisen og
Kultrudepartementets Litteraturpris. Per Knutsen fekk Havmannprisen for Broren til Hugo (2016), ein roman om oppvekst i Nord-Noreg i etterkrigstida.