Rune Christiansen (fødd 1963) er ein norsk poet og romanforfattar, oppvaksen i Bærum. Christiansen debuterte i 1986 med diktsamlinga Hvis toget forlater havet, og har sidan utmerka seg som ein særeigen forfattar med eit eige, svært kjenslevart språk. Blant romanane kan nevnast Fraværet av musikk (2007) og Ensomheten i Lydia Ernemans liv (2014). Sistnevnte vart tildelt Brageprisen, og bøkene til Christiansen har blitt belønna med svært mange prisar og begeistra kritikarar.
I 2017 kom romanen Fanny og mysteriet i den sørgende skogen, og i 2019 gav han ut diktsamlinga Jeg uttrykker meg feilaktig om årstidene eller De små epistlene som fikk den storslagne tittelen Det gyldne skinnet.
I haust kom Saken med den tapte tidens innfall.
Christiansen arbeider også som dagleg leiar på Forfatterstudiet i Bø.