Sigurd er ein 25 år gamal ung vaksen frå Stanghelle i Vaksdal kommune, ein liten tettstad ein time nordaust for Bergen. Han har ein bachelorgrad i utøvande
Jazzmusikk - slagverk ved Griegakademiet med PPU som tilleggsutdanning. Han har også gått på Voss jazzskule, Musikklinja og Sund folkehøgskole på
jazzlinja.
Som ung utøvar har Sigurd allereie blitt ein ettertrakta trommeslagar, og spelt fleire konsertar i både inn- og utland. Han er også med i mange prosjekt og
band. Trøen/Arnesen kvartett, Knut Kristiansen Kvartett, Atari og Steven Manoharan, samt vikariert i Bergen Big Band, og Finding Neo med Stavanger
symfoniorkester for å nemna nokon. Han har óg turnert med bluesstjerner som Mike Zito og Guy Forsyth.
Sigurd har vore med på å vinne Framtida i Norsk jazz 2 ganger, Jazz i sikte 2 ganger, og Nordic Showcase med forskjellige band. I tillegg har han vore med
på å gi ut ei rekkje utgjevingar. Han vann også Drømmestipendet for unge kulturaktørar i 2022.
Sigurd er ein allsidig trommeslagar som meistrar dei fleste sjangrar, men med hovudverksemd i jazzmusikk. Han er opptatt av å dykke djupt i musikkens
kjerne kor ein utforskar og finn musikalske element som vert nytta i musikken, samt korleis og kvifor elementa vert brukt på dei måtane dei blir brukt på.
Desse elementa legg føringar for om det er god/dårleg musikk og kvifor.