Stian Carstensen er multi-instrumentalist og speler blant anna trekkspel, gitar, banjo, pedal
steel gitaar, bulgarsk fløyte og sekkepipe. Repertoaret strekk seg frå folkemusikk til klassisk
og improvisasjonsmusikk i ulike former.
Han er kanskje mest kjent som frontfigur i bandet Farmers Market som blant anna fekk
Spelemannspris i open klasse 2009 og 2012, men også frå programmet Landeplage saman
med Ravi, og frå Music for a while som har vore på symposiet tidlegare.
Carstensen er nominert til Nordisk Råds Musikkpris i 2021. Utdelinga skjer i København 2.
november.
Av meir kuriøse faktaopplysningar, kan det nemnast at han har vore på hitlistene i
Azerbaijan, og mottatt drapstruslar i brevsform etter å ha skrive tekst og musikk til ny
nasjonalsong for Noreg på oppdrag frå NRK.
Som soloartist byr han på eit mangfaldig repertoar; hillbilly, barokk, og sjølvlaga humoristiske viser med meir eller mindre bisarre tema som lungemos og fleinsopp, samt
sosialdemokratiske improvisasjonar over forslag frå publikum.
https://www.youtube.com/watch?v=j6eRXxm2pkl