Han fullførte Statens Teaterhøgskole i 1976. Frå same året har han vore tilsett ved Det Norske Teatret, med nokre avbrot. Han spelt i ei rekkje stykke, filmar, spel og har vunne mange prisar for sitt arbeid som skodespelar.
Han spelte rolla som Martini i Frode Gryttens Bikubesong (Det Norske Teatret 2003), som óg gjesta Odda ved fleire høve.
Frå 1990-åra har han hatt stor suksess med å framføre og formidle bibeltekstar på scena, der han har tematisert religiøse spørsmål og gudstru. Størst suksess har han hatt med einmannsframsyningane Evangeliet etter Markus (1995), Apostlenes gjerninger (2000) og Abrahams barn (2011/2012) på Det Norske Teatret, der dei tre verdsreligionane jødedom, kristendom og islam står sentralt. Monologframsyningane syner tru på dei religiøse tekstane si eiga formidlingskraft, og slik har Tindberg medverka til å fornye forteljartradisjonen kring denne typen tekstar. I 2021 kom den fjerde i rekkja, Gudspartikkelen, og det er denne han kjem til symposiet med i år.