Thierry Alexandre starta med å lage surrealistiske drag-framsyningar på nattklubbar i London i 1998, samstundes som dei starta
med Zen Practice and Healing Arts. Dette utvikla seg vidare til Butoh Dance, som Thierry trente i i 12 år og underviste ved Londons
Central School of Speech and Drama. Thierry sine performanceverk har vore over heile Europa, frå anerkjende teater til
avsidesliggande naturstader og kirkekrypter, til bijoux-museèr.
I 2017 grunnla Thierry det prisvinnande Timebomb Theatre, etterfølgt av Salon Creme Anglaise (ein trans-kunstnerisk serie med
Soho-handingar) og Axix Mundi (eit britisk utviklingssenter for miljøvern og kunst).
Thierry sitt arbeid blir ofte omtalt som ein storstilt barokk-odyssé: utforskar grensene mellom det heilage og det profane, ved å
bruke mytologi, symbolikk og surrealistiske sjamanistiske ritualer, for å skapa oppslukande, stadspesifikke teatralske
intervensjonar. Desse utstråler vitalitet gjennom deira unike stil, djupe menneskelegheit og sårbarheit.
Estetisk sett spenner Thierry sitt arbeid frå eit rått og minimaistisk fysisk uttrykk, til landskapsendrande kostymeintervensjonar, ved
å bruke installasjonskunst, levande projeksjonar og laserteknologi, for å bevisst gjenvinne og bebu miljøet som er performa i.
Meir informasjon på www.thierryalexandre.com
@vivethierry