Tinashe Williamson (fødd 1985 i Egypt) er forfatter, skodespelar, modell og foredragshaldar.
I 2021 gav ho ut boka «Håndbok for unge antirasister», som vart ein stor suksess og som er seld til fleire land. Gjennom ti kapittel og ti fiktive karakterar svarar Williamson på spørsmål som kva rasisme eigentleg er, kvifor representasjon er viktig og korleis ein skal handtere at nokon blir diskriminert på grunn av hudfargen sin.
Tinashe har med sitt blikk på samfunnet blitt ei viktig røyst om inkludering og mangfald.