Tor Eystein Øverås (fødd 1968 på Finnsnes) er ein norsk forfatter og litteraturkritiker. Øverås har hovedfag i litteraturvitskap frå Universitetet i Bergen, og har vpre student ved Skrivekunstakademiet i Bergen. Tor Eystein Øverås har vore litteraturkritiker i avisene Morgenbladet og Klassekampen, og vart kåra til Årets litteraturkritiker i 2009.
Han debuterte med romanen Tittelløs (1993) og har sidan gitt ut romanane Fortelleren (1996) og Til: en litterær reise (2005), og sakprosabøkene Livet! Litteraturen!: 56 forsøk og forslag: kritikk 2006-2009 (2009) og I dette landskap – essays og artikler (2012).