Unni Askeland blei fødd i Bergen i 1962, og er utdanna ved Kunstskolen i Kabelvåg, Vestlandets Kunstakademi og Statens Kunstakademi under Per Kleiva.
I dag har ho eit enormt atelier i kjellaren i eit stort kjøpesenter på Jessheim, der ho er busett. Ho var i fleire år gift med kunstnaren Sverre Koren Bjertnæs, og har fire born med den amerikanske songaren Eric Andersen. Ho har hatt ei rekke separatutstillingar og deltatt på Høstutstilligen, Østlandsutstillingen og Norske Bilder. Ho har også vist bilete i New York, København, Amsterdam, Gøteborg og Berlin.
Unni Askeland kan skildrast som ei moderne bohemdronning. Ho har alltid gått eigne vegar, og har engasjert, og tidvis provosert med kunsten sin. Prosjekta hennar rører seg innan ein pop-art sjager, der ho ofte nyttar kjende ikon frå populærkulturen, og har uttalt at kunsten også må underhalde.
Askeland har fått mykje merksemd i media, blant anna då ho i 2004 viste ein serie med litografi og maleri ho kalla Munchadopsjoner, der ho bearbeida Edvard Munchs kjente motiver. Utstillinga blei vist i Blomqvist Kunsthandel i Oslo og i Nordnorsk Kunstmuseum i Tromsø. I 2008 blei fire store målerier, 60 filmstills, samt ein video av henne kjøpt inn av Nasjonalmuseet.
I omtalen av utstllinga «er jeg fin nok for deg», skriv Lars Elton i Dagsavisa: «Den pirrende nakenheten er godt synlig. Komikken er ikke langt unna, den heller. Like fullt er det noe dypt tragisk ved Unni Askelands nye utstilling. I dèt ligger en forsonende gest. Dette er kunst som gir noe tilbake til livet.»