Vilde Tuv (fødd 1986) er ein norsk musikar og låtskrivar frå Bergen.
Ho er kjend som eit «einkvinnesorkester» som byr på både gitar, trommer, blokkfløye og synthar på same tid, og har hausta mykje åtgaum for sine særeigne tekstar og melodiar.
Hun fekk NOPA-stipendet i 2014 for «Mine Armer». Debutalbumet hennes D' meg (2016) vart nominert til Spellemannprisen 2016 i klassen indie. Ho har gjeve ut trance-albumet The Formula Of The Complex Of A Closed Mind i samarbeid med U.L.F.R.E.D., ei utgjeving komponert, innspelt, produsert og trykka i løpet av eitt døgn.
Etter utgjevinga av D' meg flytta Tuv til København, der ho var DJ, samt fremførde elektroniske symfoniar akkompagnert av blokkfløyte. Etter tre år i København flytta ho i 2018 tilbake til Bergen der ho fullførte albumet "Melting Songs" som kom ut i 2021. For albumet fekk ho Spellemannprisen 2021 i klassen elektronika.