Korleis skal vi leve med uro i ei ustabil tid? Korleis leve med naturlege bølgedalar, og finne balanse i livet? Forventningane vi har til kva livet skal vere, kolliderer ofte med røynda. Valle har bakgrunn som sjukepleiar i psykiatri, og bruker fagkompetansen sin, humor, alvor og musikk i denne forestillingen om uroa i oss.
Som sjukepleiar i psykiatri har Valle i mange år jobba tett på tematikken. Som musikar har ho skrive musikk som set ord på indre uro. Marthe er ein artist som når inn til lyttaren, og som bidreg til refleksjon og endring. Foredraget var tingingsverk til Festspillene i Nord-Norge i 2018, og er gitt ut på plate.