Bonusprogram, då kveldsarrangementet er utseld. Bli med Erlend G. Huus til ei artig, men lite omtala industribygd i Hardanger.
I Stør og sjampanjebrus – bygdebok for Bjølledalen losar bygdebokforfattaren lesaren fram til Bjøllestad, ei artig, men lite omtala industribygd i Hardanger. Mellom kultursoge, industrisoge, gardssoge og folkeminne stoggar vi opp ved nærportrett av levande og ikkje levande, tilbake- og framståande bjøllingar, slike som til dømes den usynlege Åsa Migrenen (1945–d.d.), fabelaktige Aslaug Sletta frå Medstrond (1960–d.d.), surpompen Magnhilds-Torsten Dalane (1928–d.d.), eller den briljante nederlandske sluseingeniøren Jan Kuuk (1898–1995). Utan meirkostnad for lesaren er boka utstyrt med personregister og matoppskrifter, i tillegg til ein kopi av «Bjøllosongen».