David Bowie steig opp frå jordkloden og forsvann inn i stjernetåka ein januardag i 2016. Sidan har den visjonære musikaren, skodespelaren og trendsetjaren vore sterkt sakna av mange.
Vi kan ikkje love å få David Bowie tilbake på jorda, men vi skal bøte litt på saknet ved å snakke entusiastisk om hans briljante plater, hans innovative stil, hans ulike framtoningar og hans alltid like stilige ytre. Det er så mykje å elske og så mykje å begjære med Bowie, og vi flyg den fabelaktige ruta frå oppveksten i Brixton til siste farvel med Blackstar. Ta proteinpillene dine og få på deg hjelmen. Ti, ni, åtte, sju, seks, fem, fire, tre, to, ein ... LIFT OFF!