Professor og litteraturforskar Per Buvik held foredrag om Houellebecq.
Forholdet mellom mann og kvinne har ein sentral plass i romanane til den franske skandaleforfattaren Michel Houellebecq. Ofte blir det sagt at han berre er opptatt av sex. Men ved nærare ettersyn er det meir fundamental kjærleik personane hans higar etter. Sex og kjærleik går ideelt sett opp i ein høgare eining. Når dette i den verkelege verda berre skjer unntaksvis og forbigåande, skuldast det etter Houellebecqs syn sjølve modernitetens destruktive karakter.