Fabrikkvandring på og under (!) smelteverkstomta. Lars Ove Seljestad, Terje Kollbotn, Kim Christer Hylland og Digelen.
Kvifor er det fabrikkar i Odda? Industrieventyret starta i 1906, då verda trengte karbid og cyanamid. Bli med på vandringa rundt på tomta, inn i dei rå industribygga, og for første gang; under fabrikken! I katakombene spelar Kim Christer Hylland på instrumentet han fekk laga i Oddasmia til symposiet i 2018. Terje Kollbotn fortel historia om smelteverket, Lars Ove Seljestad les fabrikkdikt frå samlinga Storspring.