Har du egentlig tenkt på kven som utgjør ditt felleskap? Kanskje tenkar ein på familie, eller venner. Men dei fleste av oss har óg folk rundt oss som dannar eit større fellesskap med samfunnet. Det kan vere lærarar, psykologar, den som syklar mat heim til deg eller den som gjev foreldra dine omsorg og pleie. Kanskje er det slik at du ser fastlegen oftere enn dei du betraktar som gode gamle vennar?
Marit Eikemo tek i romanen «Team Tuva» tak i fellesskapa rundt eit menneske. I Olaug Nilssen si bok «Yt etter evne, få etter behov» skildrar ho ein familie som treng meir hjelp enn det familiemedlemene kan gje kvarandre. Blir fellesskapet sterkere – eller slår det sprekkar i møte med det profesjonelle fellesskapet vi omgjev oss med? I Priya Bains diktdebut "Med restene av mine hender" møter vi eit mylder av stemmer, eit slags kor av nære og fjerne slektningar - foreldre, sønner og døtre, onkler, tanter og besteforeldre, som set menneskeskjebner inn i familiære ritualer. Ordstyrar er Kaja Schjerven Mollerin.