Noko er i gjære!
Norsk sider vinn gullmedaljar i internasjonale kåringar og blir servert på dei beste restauranter. Sider frå Hardanger er i front i denne suksesshistoria. Camilla Aasen og Bernt Bucher-Johannessen er to av forfattarane av boka Sidereventyret. Dei presenterer forteljinga om den kommersielle, norske siderproduksjonen, og går tett på fruktbøndene, eldsjelene og gründerane, som alle spelar ei viktig rolle i å vidareutvikle gamle tradisjonar.