Sentralbadet opnar begge salane i 2. etg. for nyfikne som vil høyre, og lære meir om det vi gjerne kaller alternativt. Her kan publikum bli lese i tarot og runer, få eit innblikk i gløymde urters kraft, lage sin eigen røykelse og te, og kanskje vere med på ein trommedans ved Vråliruna. Poet Gunnar Wærness har med seg eit utval frå sitt magiske bibliotek, og er "magisk studieassistent".
Om aktørane:
Vråliruna er ei gruppe med paganistisk praksis og bakgrunn. Dei møtast for å forbinda seg med kreftene i naturen. Dei søker det guddommelege og arven fra sine forgjengarar, gjennom rituale eller sjamanistiske teknikkar som trommereiser, runer, og årstidsfeiringar.
Med: Bernhard Stäber (forfattar, omsetjar, redaktør), Christer Ellingsen (psykisk helse og rus, mangeårig sjamanistisk praksis), Rigmor Pedersen (bakgrunn frå offentleg og privat helsevesen, KST terapi, eigen praksis), Mikkel Kenny Bruun (dr. i sosialantropologi, Cambridge), Phyllis Koehler (doktorgradsstipendiat i litteratur, Cambridge), Anne Aasebø (lektor i kunst og handverk med master frå Italia, eigen verksemd).
Poet Gunnar Wærness har dei siste åra hatt eit sjølvstudium i okkult historie og litteratur, og har utarbeidd eit uoffisielt kompendium om magi for å vise veg i mylderet. Gunnar har med seg eit lite utval av bøker han har samla, om kabbala, tarot og magi, wicca, alkymi, vodou og candomble, og mykje anna. Wærness er mest kjend som poet, men denne kvelden er han ein "magisk studieassistent". Publikum kan få ein venleg introduksjon til grunn - og kanskje få sine fordommar knadd litt.